onsdag 11. februar 2009

Om Hedda Gabler

ei har flytta inn i eit nytt hus, men Hedda mistrivst. Både ekteskapet og økonomien er basert på at Tesman skal få ei stilling som professor. Tesman blir fortvila når han får høyre av assessor Brack at han kan få konkurranse om stillinga frå Hedda sin tidlegare flamme, Eilert Løvborg. Hedda derimot, ser ut til å ta det heile med slåande ro.
Eilert Løvborg har gitt ut ei bok som får gode kritikkar. Han har skrive eit manuskript saman med Thea Elvsted, som han berre har eit eksemplar av. Løvborg let seg provosere av Hedda til å bli med Jørgen og assessor Brack på fest. Der drikk han seg full, og mistar manuskriptet. Tesman finn manuskriptet og gir det til Hedda. Ho fortel ikkje Eilert at ho har manuskriptet, men oppfordrar han heller til å ta sjølvmord "i skjønnheit". Ho gir han ein av pistolane ho har fått frå faren sin, general Gabler. Etter Eilert har gått, brenn ho manuskriptet hans.
Seinare kjem assessor Brack innom for å fortelje nyheita. Han fortel at Eilert Løvborg har blitt funne på eit horehus med ein avfyrt pistol i lomma, og skuddet trefte underlivet. Assessor Brack fortel og at han kjente igjen pistolen Løvborg hadde. Han var Hedda sin. Brack brukar denne informasjonen for å presse Hedda til å bli elskerinna hans. Imens Hedda og Brack snakkar, jobbar Thea og Jørgen saman for å setje saman manuskriptet til Løvborg ved hjelp av små notatlappar. Hedda er i assessor Brack sin makt, og skodespelet ender med at ho skyt seg med den andre av general Gabler sine pistolar.
Det er tydeleg at Hedda er ei overklassejente. Ho ser ned på dei ho meiner ikkje er "gode nok". Ho føler seg betre enn ektemannen, og ho tåler ikkje at han tar på ho. Hedda føler seg heva over de aller fleste, og oppfører seg deretter. Ein kan sjå på holdninga hennar at ho er overlegen. Rett i ryggen, hovudet høyt heva, og eit "eg er betre enn deg" uttrykk i andletet.
Ho har store problem med å komme for nær folk, og det at ho er gravid verkar ikkje så kjekt for ho. Ho vil helst ikkje snakke om barnet, og viser verken interesse eller kjærleik for det. På denne tida var det ei kvinne si oppgåve å stelle hus og barn. Dette ser ikkje ut til å passe Hedda spesielt godt.
Alle ser ut til å gjere akkurat som ho seier, unntatt assessor Brack. Både Hedda og Brack er ganske manipulerande. Nokon gonger er Hedda faktisk ondskapsfull. Tante Julle har kjøpt ny hatt for at Hedda ikkje skal skamme seg over å bli sett med ho. Hedda ser hatten liggje på ein stol, og spør kvifor hatten til tenestejenta ligg og sleng. Ho veit veldig godt at det ikkje er tenestejenta sin hatt.
Sjølv om Hedda verkar litt ond, har eg og litt medkjensle med ho. Ho er fanga i eit ekteskap utan kjærleik, og ho kjedar seg enormt i det store huset. Dette ser vi når ho går fram og tilbake på scenen, uten å sjå ut til å ha noko spesielt anna å gjere. Gjentatte gonger klagar ho over at ho kjeder seg, mens ho får eit irritert, nesten sint uttrykk i andletet. Tesman er langt frå Heddas type, så eg kan ikkje heilt forstå kvifor ho gifta seg med han. Kanskje fordi ho visste at det ikkje ville vere nokon kjensler, og dermed kunne ho behalde makta.
Jørgen Tesman blir framstilt som litt dum. Han ser ikkje Hedda sine mange hint om at ho ikkje likar han i det heile tatt, og han ser heller ikkje sambandet mellom Hedda og Eilert og mellom Hedda og assessor Brack. Tesman lever på ein måte delvis i si eiga verd, der arbeidet hans er det som betyr mest.
Eilert Løvborg er den Hedda har kome nærmast. Då forholdet deira byrja å bli seriøst, trekte Hedda seg ut og trua med å skyte Eilert. Han er ein tørrlagt alkoholikar, og han er og forfattar.
Assessor Brack ser ut til å vere ute etter berre ein ting, og det er å få Hedda Gabler som elskerinne. Han er av høg klasse, slik som Hedda, og han er sleip. Han hintar stadig til Hedda om at han likar trekantforhald, og med ein gong han får moglegheita, pressar han Hedda til å gjere som han seier.
Thea Elvsted er ei jente som gjer det ho meiner er rett. Ho forlèt mannen sin til fordel for Eilert Løvborg. Ho er livredd Hedda. Dei to gjekk på skole saman, og då trua Hedda med å brenne håret av Thea. Likevel fortel Thea ting ho ikkje har fortalt til andre til Hedda.
Ut av skodespelet ser vi heilt klart at det er store forventingar til korleis ein skal oppføre seg, avhengig av kva for ein klasse ein tilhøyrer. Tante Julle blir tydeleg fornærma når Hedda tror hatten hennar tilhører tenestejenta. Ho ser både såra og fornærma ut når ho forlèt stova.
Eilert Løvborg, som kjenner Hedda godt, får ikkje seie "du" til Hedda, til og med ikkje når dei er aleine. Dette er det Hedda sjølv som insisterer på. Grunnen er nok at viss Eilert seier "du" til henne, blir forhaldet mellom dei nært og fortruleg, og dette er noko Hedda vil unngå. For å få Thea til å fortelje sine løyndommar, insisterer Hedda på at dei skal seie "du" til kvarandre. Dette er stort for Thea.
Hedda kjedar seg. Det kjem tydeleg fram i dramaet ved at ho gjentatte gonger både seier det og uttrykker det med kroppsrørsler. Ho har ikkje anna å finne på enn å blande seg inn i andre folk sine problem og lage intriger. Dette gjer problema større enn dei var i byrjinga, noko Hedda bare ser ut til å nyte.
Om det er denne kjedsomheita som får ho til å brenne manuskriptet og gi pistolen sin til Eilert, tviler eg på. Eg trur heller ho gjer dette for å hindre nokon andre i å få nærheit til han når ho sjølv aldri kan få det. Manuskriptet blir beskrive som barnet til Eilert og Thea, noko Hedda mislikar. Eilert er fortvila når han kjem til Hedda, og veit ikkje kva han skal gjere. Han fortel Hedda og Thea at han har rive i stykker manuskriptet. Dette gjer han for å skåne Thea. Til Hedda seier han at det verste er ikkje å drepe eit barn, det er endå verre å miste det. Hedda gir han pistolen, og denne løysninga virker nok ganske lett for Eilert. Då slepp han takle fleire problem, og han treng ikkje forklare seg for Thea fleire gonger.
Eg trur at Hedda sin største feil var å brenne manuskriptet og gi pistolen sin til Eilert. Dette fører til at assessor Brack får makt over ho og kan presse ho til å gjere akkurat som han vil. Samtidig er Tesman og Thea i full gong med å setje saman manuskriptet til Eilert ved hjelp av små notatlappar Thea har i veska. Hedda forstår at ho kjem til å tilbringe mykje tid aleine, og at Tesman og Thea kjem til å komme nær kvarandre. Dermed har ho ingen moglegheit til å sleppe unna assessor Brack.
Eilert sin største feil var at han lot seg provosere og drakk seg full. Då hadde han inga kontroll over manuskriptet, og dermed mista han det. I Eilert sine auge mista han både Thea og livskrafta då manuskriptet forsvant. Derfor var det kanskje lettare å ta imot pistolen frå Hedda.
Fram til Brack kjenner igjen pistolen Eilert har skote seg med, har Hedda full kontroll over alt ho foretar seg. Når assessor Brack fortel Hedda om kva som kan skje viss nokon finn ut at det er Hedda sin pistol, ser vi at uttrykket i andletet og oppførselen til Hedda forandrar seg. Ho ser redd og nesten litt desperat ut. Ho forstår at ektemannen hennar kjem til å vere lite heime, og at ho har liten moglegheit til å sleppe unna Brack. Hedda liker ikkje tanken på at livet hennar skal være styrt av ein annan enn ho sjølv, og dermed velg ho å ta sitt eige liv, i skjønnheit.
Det som driv Hedda i døden er nok behovet hennar for makt. Viss ho ikkje har makta, ser ho ikkje noko poeng i å leve. Å leve fanga, som ein simpel slave, er ikkje noko for ho.
Eilert har eit anna behov enn Hedda. Eg trur han har behov for kjærleik og anerkjenning, og når han trur han har mista dette, ser han ikkje nokon vits i å leve vidare.
Noko i stykket som kan ha overføringsverdi til dagens samfunn, er makt og utnytting. Viss ein har nokon informasjon han kan bruke mot nokon andre for å få eit eller anna, er det godt mogleg at ein nyttar seg av sjansen. Det blir noko liknande den situasjonen Hedda og assessor Brack var i. Skilnaden er at hadde dei levd i dag, kunne Hedda sett assessor Brack skikkeleg på plass, og viss han ikkje slutta, kunne ho anmeldt han. På deira tid blei det forventa at kvinnene skulle tie stille og finne seg i det meste. Dermed såg ikkje Hedda nokon framtid for seg sjølv.